Hopp til innhold
X
Innhald

Opus AS

Opus AS på Halbrensøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opus AS på Halbrensøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opus AS bilfirma vart starta av Svein Haaland i 1987. Opus vart forhandlar av bilmerket Opel som bergensfirmaet Auto 23 tidlegare hadde forhandla i Sogn og Fjordane. Opus har seinare også vorte forhandlar av Suzuki og Isuzu.

I 2010 selde Svein Haaland sine 67% av Opus AS til Bilskadesenteret AS. Ved årsskiftet 2010/2011 kjøpte Bilskadesenteret resten av aksjane, slik at Opus AS etter det er eigd 100% av Bilskadesenteret AS.

I 2012 selde Bilskadesenteret 90,1% av aksjane til Volvo-forhandlaren Frydenbø AS. Resten av aksjane eig Odd Arild Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.12.2012