Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Førde

Postbygget ved Jølstra. I 2010 flytta Posten ut av denne bygningen og inn i eitt av handelshusa i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postbygget ved Jølstra. I 2010 flytta Posten ut av denne bygningen og inn i eitt av handelshusa i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Posten i Førde sentrum

Den første postruta gjennom Førde vart starta kring 1650, og gjekk då utanom noverande Førde sentrum: Frå sør kom den gjennom Brendeskaret frå Gaular, og gjekk ned Sundsdalen til Movatnet. Den trondhjemske Postvei vart opna for postruta Bergen-Trondheim i 1785, og frå 1787 er Hafstad i Førde omtala som poststad. Der var bonde Ivar Helgeson Hafstad den første postopnaren. Postopneriet vart på 1850-talet flytta frå «Iva-tunet» på Hafstad til Løkjene som ligg noko nærmare sentrum og Langebrua.

I 1808 vert det lokale postkontoret nemnt som Havstad, frå 1812 til 1816 er stavinga Haffstad. Frå 1833 til 1847 står det på nytt Havstad på poststempelet, og sidan 1848 har det heitt Førde. Førde vart oppgradert til postkontor og fekk status postsenter i 1998.

I 1922 vart det bygd eit toetasjes posthus like ved Langebrua i Førde. Dette vart avløyst av noverande posthus i 1970. I dette bygget fekk også sorenskrivaren i Sunnfjord og fylket sitt samferdslekontor plass. I 1986 flytta sorenskrivarkontoret over i Hjelmelandsgården på sørsida. Postbygget vart i 2003 kjøpt av Bjørn Solheim m.fl. I 2010 flytta Posten til Handelshus II.

Postsortering i det gamle postbygget i 1965. Til venstre  Anna Kristiansen, til høgre står Harald Ekroll og Henrik Øen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Postsortering i det gamle postbygget i 1965. Til venstre Anna Kristiansen, til høgre står Harald Ekroll og Henrik Øen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

På dampskipskaia på Steinen vart det skipa brevhus i 1898. Brevhuset på Steinen vart lagt ned i 1954 og innordna under Førde postkontor. Sentralsjukehuset i Førde fekk eige postkontor i 1979 då sjukehuset opna. På Handelshuset vart det starta postfilial då forretningsbygget opna i 1987. Filialen vart lagd ned i 1989.

Ervik

Ervik

fekk postopneri i 1885 med Jørgen Martines Olsen Ervik som første styrar. I 1901 overtok dampskipsekspeditør Alfred Torvik som postopnar, og Torvik-familien hadde denne tenesta fram til kontoret vart lagd ned i 1986. Frå starten og fram til 1889 stod det Ervig på poststempelet, frå 1889 Ervik, frå 1891 Ærvik, og så tilbake til Ervik som postadresse frå 1926.

Holsen

fekk postopneri i 1892 med gardbrukar Gjert M. Holsen som første styrar. Dei første åra gjekk det postbod mellom Førde postkontor og Holsen berre ein gong i veka. I 1973 vart Holsen underpostkontor, i 1977 fekk det status som postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Førde i 1996.

Haukedalen

fekk postopneri i 1921 med Aleksander Gjerland som første styrar. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og lagt ned i 1996.

Haukedalen fekk postopneri i 1921. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haukedalen fekk postopneri i 1921. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rørvikfloten

ved Haukedalsvatnet fekk brevhus II i 1951. Brevhuset vart lagt ned i 1983.

Stakaldefossen

fekk eige brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1966.

Viskedal Camping

ved Holsavatnet fekk såkalla brevhus II i 1968. Det vart lagt ned i 1983 og innordna under Holsen.

Postkontoret i Handelshus II. Frå 2014 er dette det einaste postkontoret i Sogn og Fjordane. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Postkontoret i Handelshus II. Frå 2014 er dette det einaste postkontoret i Sogn og Fjordane. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Førde med einaste postkontoret i fylket

På 1990-talet starta Posten på ei omlegging der først dei minste postkontora vart lagde ned og erstatta av posttenester i butikk. Seinare kom turen til større kontor. I 2012 var det att berre fire postkontor i Sogn og Fjordane: Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal. I juni 2012 opna Stortinget for nedlegging av dei fleste av dei attverande kontora. I Sogn og Fjordane betyr det at kontora på Nordfjordeid, Florø og Sogndal blir lagde ned innan 2014. Førde blir dermed den einaste staden med postkontor i fylket. I heile landet blir det att 30 postkontor.

Også i Førde har det vore store omleggingar. I 2010 flytta Posten ut av postbygget og inn i eitt av handelshusa. I tillegg er det Post i butikk-ordning på Coop Extra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.06.2012