Hopp til innhold
X
Innhald

Ramstad Eskefabrikk

Schur Pack Norway på Ramstad i Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Schur Pack Norway på Ramstad i Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ramstad Eskefabrikk vart grunnlagt på Ramstad i Angedalen i 1949 av Alfred Ramstad. Før han starta med øskjeproduksjon, gjorde han forsøk med støyping av dørvridarar og kokekar i aluminium.

Dei første åra nytta han mykje sjølvkonstruerte maskinar i øskjeproduksjonen. Fabrikken vart utvida med nybygg i 1965, 1971, 1978 og fekk nybygg på 4000 kvm i 1989. Ei tid dreiv Ramstad ei avdeling i eit industribygg på Øyrane i Førde.

Sonen Arne Ramstad (1955-1998) kom frå ungdomen av med i verksemda og vart adm. dir. i 1979. Då han døydde i 1998, overtok ektemaken Margunn Ramstad den daglege leiinga av fabrikken.

Sal og nedlegging

Ramstad Eskefabrikk var lenge den største norskeigde øskjefabrikken og hadde på det meste nærare 50 tilsette. Men fabrikken tapte etter kvart viktige kundar, og talet på tilsette gjekk ned til 24 i 2009. Same året vart fabrikken seld til eit dansk firma og fekk namnet Schur Pack Norway AS. I 2010 vedtok dei nye eigarane å leggje ned produksjonen i Angedalen. 14 tilsette miste arbeidet. Det vart sagt frå Schur Pack at det skulle vere att sju arbeidsplassar innan lager, sal og administrasjon, men alt i mars 2011 var talet på tilsette kome ned i tre. I september same året var det heilt slutt etter 62 års drift.

Ramstad Eskefabrikk før verksemda vart overteken av Schur Pack. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ramstad Eskefabrikk før verksemda vart overteken av Schur Pack. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.09.2011