Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Sanne-Gundersen

Rolf Sanne-Gundersen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Rolf Sanne-Gundersen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Rolf Sanne-Gundersen fødd 1965 i Stavanger, busett i Førde. Journalist og distriktsredaktør. Utdanna som lærar frå Sogndal lærarhøgskule 1988. Starta journalistkarrieren som sommarvikar i Firda Tidend i 1987, journalist i Sogningen/Sogns Avis 1988-1989, i Firda 1990-1993, sportsjournalist i Dagbladet 1993-1994, nyheitsreporter i TV2 1994-1997.

Rolf Sanne-Gundersen vart i 1997 tilsett i NRK Sogn og Fjordane, der han frå 2002 til 2004 var vaktsjef, frå 2004 til 2009 redaksjonssjef. I 2009 vart han konstituert som distriktsredaktør, frå 2010 fast tilsett i stillinga. I perioden 2006-2007 var Sanne-Gundersen innanrikssjef i Dagsrevyen/prosjektleiar for NRK2.

I 2013 sa han opp jobben i NRK for å bli administasjonssjef for baderomsprodusenten Bano AS (sjå Strukturplast AS) på Sandane. I 2014 vart han administrerande direktør i Bano, som samstundes flytta toppleiinga frå Bergen til Sandane, men Sanne-Gundersen sa opp i Bano eit halvt år seinare. Same året skipa han kommunikasjonsbyrået Tydeleg.no i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016