Hopp til innhold
X
Innhald

Rørvik Fjellstove

Fjellstova på Rørvikfjellet i 2006, tydeleg merkt av å ikkje ha vore i drift på ei stund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjellstova på Rørvikfjellet i 2006, tydeleg merkt av å ikkje ha vore i drift på ei stund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rørvik Fjellstove på Rørvikfjellet mellom Holsen og Haukedalsvatnet vart bygd av Aslaug Lien frå Sande ca. 1936. Ho dreiv fjellstova med kafé og overnatting til rundt 1980. Då testamenterte ho huset til Røde Kors.

Rundt 1990 overtok bygdeungdomslaget i Haukedalen, dei oppgraderte bygningen og dreiv fjellstova ein kort periode. I 2010 er det Anders Gjerland som eig stova.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010