Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Førde

Rutebilstasjonen og hovudkvarteret til Firda Billag. Dei fleste innbyggjarane i Sogn og Fjordane har ein eller fleire gonger vore innom her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebilstasjonen og hovudkvarteret til Firda Billag. Dei fleste innbyggjarane i Sogn og Fjordane har ein eller fleire gonger vore innom her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde ligg geografisk midt i fylket, og frå Førde kan ein nå ut til dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane innan to timars reisetid.

E 39 er sambandslina sørover til Bergen og nordover til Nordfjord, og etter den andre vegaksen aust-vest kan ein reise til Florø på ein dryg halvtime og til Sogndal på halvannan time. I Førde finn ein eitt av dei største rutebilselskapa i landet – Firda Billag. I 1971 vart den første flyplassen i Sogn og Fjordane opna på Øyrane i Førd, og i lang tid var Førde «telehovudstaden» i fylket.

Trodalsvatnet mot Naustdal. Her gjekk driftevegen frå Hyen vidare mot Angedalen og derifrå til Viksdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trodalsvatnet mot Naustdal. Her gjekk driftevegen frå Hyen vidare mot Angedalen og derifrå til Viksdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle driftevegar gjennom Førde

Frå gamalt av gjekk det ein drifteveg frå Hyen i Nordfjord og vidare gjennom Trodalen til Angedalen i Førde. Driftevegen gjekk vidare sørover framom Farsund og over til Viksdalen i Gaular. Krøterdriftene tok seg over til Sogn gjennom Sværeskaret på Gaularfjellet. Frå Sværefjorden vart dyra førde i båt mot bygdene i indre Sogn og derfrå til Austlandet (sjå Aurland kommune), der det meste vart seld som slaktefé.

Også mellom Jølster og Haukedalen i Sunnfjord og til Vetlefjorden var det ferdsleveg over Vareggi, men det er uvisst kor mykje denne vart brukt til fédrifter.

I Førde finn vi to kjende slektsnamn med opphav i Aurland: Berqvam og Flom. Begge slektene stammar frå driftekarar frå Flåm som kjøpte seg gardar i Førde. Begge desse gardane; Falkenstein ved kyrkja og ein gard på Hafstad, er nytta til sentrumsutbygging.

Dei eldste vegsambanda i Førde

Før Den trondhjemske Postvei vart bygd i 1785, gjekk den viktigaste ferdslevegen mellom Jølster og Førde over fjellpasset Tynningen mellom Fluge i Jølster og Grimeland i Angedalen.

Den Trondhjemske Postvei på Reset i Førde. Vegen er i dag mykje brukt som turveg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den Trondhjemske Postvei på Reset i Førde. Vegen er i dag mykje brukt som turveg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den trondhjemske Postvei i Førde

Vegen over Tynningen vart i 1785 avløyst av Den trondhjemske Postvei då denne vart opna mellom Førde, Mo og Vassenden.

Skysstasjonar og skyssplikt i Førde

Heilt frå 1100-talet måtte bønder og kystfolk å stille opp som gratis rorskarar eller kuskar for embetsmenn, adel og geistlige når dei var ute på reise kringom i kongeriket.

Køyrevegar i Førde

Postvegen mellom Vadheim og Førde vart utvida til fire meters køyrebreidde mellom 1890 og 1910. Førde er og har vore eit knutepunkt for vegtrafikken i Sogn og Fjordane.

Samferdslekontoret

til fylkeskommunen var plassert i Førde frå 1956 til 1976.

Jernbane Vadheim-Sandane

Jernbana mellom Vadheim og Sandane gjennom Førde var høgt prioritert i den store transportplanen for fylket som vart lagt fram i 1920.

Fylkesbåten Værøy på veg ut Førdefjorden i 1962. I bakgrunnen Gravdalen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Fylkesbåten Værøy på veg ut Førdefjorden i 1962. I bakgrunnen Gravdalen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Ferdsla på fjorden i Førde

Heilt fram til vegen over Vasslia mot Fauske og Solheimsdalen vart opna i 1975, måtte folket frå dei vestlegaste bygdene i Førde kommune nytte rutebåtane på Førdefjorden til godstransport.

Førdefly

I 1966 starta entreprenør Andreas Hjelmeland flyselskapet Førdefly.

30. juni 1971 var ein stor dag for samferdsla i Førde og elles i Sogn og Fjordane. Denne dagen vart vestlandsrutene til Widerøe offisielt opna på flyplassen på Øyrane. Foto: Dagfinn Reiakvam.

30. juni 1971 var ein stor dag for samferdsla i Førde og elles i Sogn og Fjordane. Denne dagen vart vestlandsrutene til Widerøe offisielt opna på flyplassen på Øyrane. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Flyplassen midt i industriparken

I 15 år hadde Førde ein av dei merkelegaste flyplassane i landet: Den var plassert midt i eit industriområde der store kranar på skipsverftet måtte køyrast til side når ruteflya skulle lande.

Lokalt småflyselskap tapte mot Widerøe

Eit lokalt flyselskap kjøpte fly og tok opp kampen mot Widerøe for å få konsesjon på vestlandsrutene.

Posten i Førde

Den første postruta gjennom Førde vart starta kring 1650, og gjekk då utanom noverande Førde sentrum.

Telefon i Førde

Førde var tidleg ute med eigen telegrafstasjon, og staden utvikla seg etter kvart til eit administrasjonssenter for teletenestene i Sogn og Fjordane. I ein periode frå 1975 til 1993 hadde Førde teledistrik ansvaret for alle teletenester samt alle radio- og fjernsynsstasjonar i heile fylket.

Radio- og TV-sendarar i Sogn og Fjordane

Hovudsendaren for radio og fjernsyn på Hafstadfjellet vart bygd i 1958.

Rutebilselskap

– sjå Firda Billag under Industri og næring.

Buss og drosje i Førde

Taxisentralen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Taxisentralen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2010