Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdslekontoret

I 1946 vart stillinga som samferdslekonsulent i Sogn og Fjordane skipa, og kontoret lagt til Florø. Arne Sunde jr. var første konsulent.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til det fylkeskommunale samferdslekontoret er å administrere ordningane med offentlege køyreløyve for rutebilar og drosjar. Tidlegare omfatta løyveordninga også lastebilnæringa.

Kontoret vart i 1956 flytta til Førde. Frå 1970 og til fylkestinget vedtok å flytte kontoret til Leikanger i 1976, heldt samferdslekontoret til i det nye postbygget ved Langebrua. I førdeperioden var først Harald Peersen og deretter Arnljot Nygaard samferdslesjefar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.05.2008