Hopp til innhold
X
Innhald

SIVA og Øyrane

Slik såg det ut på Øyrane på slutten av 1950-talet, før utbygginga starta.

Slik såg det ut på Øyrane på slutten av 1950-talet, før utbygginga starta.

Statens Industrivekstanlegg – SIVA – fekk i 1968 hand om industriområdet Øyrane. Akergruppen, det største privateigde industriokonsernet i Noreg på den tida, var først ute med store industriplanar i Førde: Akergruppen ville byggje ein stor båtmotorfabrikk med kring 200 tilsette i Førde. Det vart sett av store areal for fabrikken på Øyrane. Den mektige generaldirektøren Onar Onarheim fekk også overtalt fylke og stat til å byggje veg langs Sognefjroden frå Balestrand til ferjeleiet på Kongsnes for å skaffe Aker-filialen i Førde betre vegsamband mot Austlandet.

Førde sett frå Ulltang i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde sett frå Ulltang i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Suez-krigen øydela fabrikkplanar i Førde

Men krigen mellom Israel og Egypt i 1967 knuste draumen om ein stor motorfabrikk i Førde. Israel bomba skipa i Suezkanalen slik at den vart stengd, og all skipstrafikk måtte i mange år gå om sørspissen av Afrika. Marknaden for mellomstore skip som kunne nytta den typen skipsmotorar som Akergruppen planla å byggje i Førde, fall bort, og dermed også fabrikkplanen. Førde kommune hadde til då lagt ut store summar til regulering og tilrettelegging av nye bustadområde som kunne ta imot folkeauken som var venta i samband med Aker-fabrikken. Etter press frå ordførar og rådmann gjekk generaldirektør Onar Onarheim i Akergruppen difor med på å yte ½ million kroner til Førde kommune som eit rente- og avdragsfritt lån for ”tort og svie”.

Elbil-prosjektet var kome så langt at bilen (utan karosseri) vart presentert for statssekretær Lasse Aasland i Samferdsledepartementet (ved rattet). Til venstre Einar Kjelland-Fosterud og Førde-ordførar Reidar Tveit, til høgre Fredrik Munck. Foto: Jamte Einrem.

Elbil-prosjektet var kome så langt at bilen (utan karosseri) vart presentert for statssekretær Lasse Aasland i Samferdsledepartementet (ved rattet). Til venstre Einar Kjelland-Fosterud og Førde-ordførar Reidar Tveit, til høgre Fredrik Munck. Foto: Jamte Einrem.

Planar om bilfabrikk

Det neste fabrikkprosjektet som dukka opp i 1968, var planar om å byggje ein stor fabrikk for elektriske bilar i Førde. No var det Strømmen Verksted ved Oslo som kom på banen med Munch-gruppa i Bergen og Sigma Elektroteknikk som partnarar. Også SINTEF ytte støtte til utvikling av tekniske komponentar i elbilen. Også Førde kommune gjekk inn som aksjeeigar då selskapet Elbil A/S vart skipa i 1969. Kommunens aksjekapital var i form av tomta på seks-sju dekar som vart sett av til fabrikken på Øyrane. Konsulent Svein Gustafsson, som seinare etablerte seg i Førde som advokat, var koordinator i utbyggingsavdelinga hjå fylkesmannen for dette el-bilprosjektet. Elbil A/S tilsette dr. techn. Einar Kielland Fosterud som dagleg leiar for selskapet.

Ordførar Reidar Tveit (i midten) viser korleis elbilen frå Førde skulle sjå ut. På dette tidspunktet var optimismen stor. Til venstre Oscar Munck, til høgre sivilingeniør Monsen. Foto: Jamte Einrem.

Ordførar Reidar Tveit (i midten) viser korleis elbilen frå Førde skulle sjå ut. På dette tidspunktet var optimismen stor. Til venstre Oscar Munck, til høgre sivilingeniør Monsen. Foto: Jamte Einrem.

Fleire førehandstinga elbilar

Planen var at fabrikken i Førde skulle produsere ein liten varebil og ein liten buss. Varebilen skulle køyre kring 100 km på ei batterilading, ved at den med ein norsk patent (Tyristor) skulle vere i stand til delvis å lade batteria under køyring. Fabrikken på Øyrane i Førde vart i første omgang prosjektert med 2000 kvm. Bilfabrikken skulle liggje like aust for Førde Kjølelager (no Førde Bil Partner). I starten skulle fabrikken få kring 30 tilsette, men ein rekna med frå 50 til 150 tilsette etter ei tid. Det var også planen å kunne byggje trollybussar ved fabrikken, og Elbil A/S leverte inn tilbod på levering av bokre trollybussar til Bergen Sporveier.

Elbil gjekk konkurs

Både NSB, Postverket og Firda Billag synte stor interesse for elbilprosjektet, og Elbil A/S fekk inn førehandstinging av fire bilar før dei hadde kome i gang. Heile prosjektet kom så langt at ein hadde teikna begge biltypane, og av varebilen vart det jamvel bygd ein prototype som var klar til demonstrasjon. Men så kom Munch-gruppa opp i store økonomiske vanskar og måtte trekkje seg ut. Industridepartementet stilte seg negative til å gå inn med statsstøtte, og det heile enda med at Elbil A/S vart slege konkurs i 1973.

Øyrane ca. 1974. Flyplassen og Ankerløkken verft er på plass. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Øyrane ca. 1974. Flyplassen og Ankerløkken verft er på plass. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Industriavleggarar frå Bergen

Det som gav størst utteljing, var kommunens eigen innsats for å få m.a. handels- og industribedrifter i Bergen til å byggje filialar i Førde: Ferdighusfabrikanten Aksel Bruvik, Bergen Rørhandel, konfeksjonsfabrikken Schjøtt, Rieber og byggjefirma som Namtvedt, Neumann o.s.b.

Tilnærma risikofri etablering

Vekstsenteret Førde kunne lokke med 35 prosent etableringstilskot og gunstige DU-lån. Statlege lån og garantiar gjorde at det i eit par tiår nærmast var risikofritt å etablere ny verksemd i Førde og andre stader i utkantfylket Sogn og Fjordane. Men sjølv om dei økonmiske gulrøtene lokka mange utenfrå til Førde, var det likevel dei lokale gründerane som skapte størst framgang i bygda på 1950- og 1960-talet: Det var først og fremst entreprenørbrørne Andras, Gunnar og Fin og Fritz Hjelmeland frå nabokommunen Gaular. Derfrå kom også bilforhandlaren Erling Berge. Andre som fekk det til å vise att etter seg var Karl Opseth og sønene John og Kåre, Lasse Grønfur frå Sandane, Berge Selvik frå Bergen og Jon Kvamme og Alfred Ramstad frå Angedalen. Bilforretningane og entreprenørbedriftene i Førde fekk heile fylket som marknadsområde. Andreas Hjelmeland starta Førdefly i 1966, og saman med kommunen spela han ei sentral rolle for å få bygd småflyplassen på Øyrane som opna i 1971. I 1968 opna Sunnfjord Hotell, bygd av eit ”folkeaksjeselskap” med brei oppslutnad i bygda.

Andreas Hjelmeland starta Førdefly i 1966, og saman med kommunen spela han ei sentral rolle for å få bygd småflyplass på Øyrane, opna i 1971. I 1968 opna Sunnfjord Hotell, bygd av eit «folkeaksjeselskap» med brei oppslutnad i bygda.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (t.v.) ynskjer dei første gjestene velkomne til Sunnfjord Hotell i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (t.v.) ynskjer dei første gjestene velkomne til Sunnfjord Hotell i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

SIVA ut av Førde

Dei store eigdomane som SIVA – Statens Industrivekstanlegg – sikra seg på Øyrane på 1960-talet, vart i 1990 selde til Welcon-konsernet, eigd av Arne Stang (sjå denne - Askvoll kommune). frå Stongfjorden. Frå slutten av 1980-talet har store delar av det gamle industifeltet Øyrane endra karakter frå industri til varehandel og tenesteytande bedrifter. Flyttinga av Førde Lufthamn frå Øyrane til Bringeland i 1986 frigjorde store areal: I 1990 opna kompetansesenteret Concord som huser kring 20 rådgjevingsbedrifter, og like etter kom det nye avishuset til ”Firda” på plass på nabotomta. Sidan er det m.a.bygd asfaltfabrikk, varesentral og Felleskjøp-forretning. på den gamle flystripa, og då Førde Storsenter opna hausten 2006 med sine 17.000 kvadratmeter butikkflate var den siste resten av den tidlegare flyplassen på Øyrane brukt opp.

Øyrane i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øyrane i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2012