Hopp til innhold
X
Innhald

Sivertsens Hotell i Førde

Sivertsens Hotell låg om lag der Domus er i dag. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Sivertsens Hotell låg om lag der Domus er i dag. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Sivertsens Hotell var fram til Domus-bygget tok over tomta på 1970-talet, eit landemerke på nordsida av Jølstra.

I 1866 kjøpte Reinhard Steen Sivertsen (1833-1893) eigedomen som G. Schultz hadde på Skorpa og bygde vidare ut med landhandel, bakeri og hotell. Sivertsen dreiv også filial ved dampskipskaia på Steinen, og hadde sildesalteri i Kinn.

På 1890-talet var Sivertsens Hotell bygd mykje ut, og husa m.a. telegrafstasjonen. Sonen Berent Sivertsen (1865-1935) dreiv både hotell og dei andre verksemdene vidare, medan sonen hans - Reinhard Sivertsen (1896-1982) la ned landhandelen og reindyrka hotelldrifta.

Tyskarane okkuperte Sivertsens Hotell under krigen, og hotellet vart etter krigen leigd ut som husmorskule fram til skulen flytta inn i nybygg (seinare Fylkeskulturkontoret) i 1958.

Familien Roksvåg leigde Sivertsens Hotell og dreiv det som kafé og pensjonat fram til 1975, då Førde Samyrkelag reiv bygningen for å byggje varehuset Domus. Domus opna i 1978, og nybygget sperra den gamle Kyrkjevegen frå Langebrua til kyrkja.

Les meir om Sivertsens Hotell på Sande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2010