Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn jord- og hagebruksskule

Sogn jord- og hagebruksskule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Sogn jord- og hagebruksskule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Aurland Jord- og hagebrukskule vart den andre jordbruksskulen i Sogn og Fjordane etter Mo i Førde då den vart skipa i 1917 på Prestegarden i Aurland. Gjennom tida har skulen mang ein gong vore truga med nedlegging, men har overlevd takka vere undervisninga i økologisk landbruk.

Prestegarden på Fetane i 1918, året etter at jordbruksskulen vart starta. Foto: Skarbø.

Prestegarden på Fetane i 1918, året etter at jordbruksskulen vart starta. Foto: Skarbø.

Den fylkeseigde fagskulen i Aurland vart skipa etter at Sogn Hagebrukslag lanserte idéen om ein spesialskule for jord-og hagebruk i 1914. Tidlegare hadde det vore drive jordbruksskular for Sogn på gardane Vestrheim på Kaupangerskogen (1848) og på Rumohr-slekta sin gard Rikheim i Lærdal (1898-1907). Elles i fylket vart det starta jordbruksskulane på Mo i Førde i 1856 og på Mindresunde i Stryn i 1920 (seinare flytta til Langvin i Innvik).

Økologi vart berginga

Jord- og hagebruksskulen bygde internat for 60 elevar i Aurland. Frå 1980-talet og utover har den minkande sysselsetjinga i norsk landbruk ført til at mange yrkesskular for jord- og hagebruksfag har vorte nedlagde. I Sogn og Fjordane førde dette til at Langvin jordbruksskule i Innvik vart lagd ned i 1995. Seinare på 1990-talet var turen komen til Sogn Jord- og hagebruksskule, men takka vere omlegging til undervisning i økologisk landbruk har skulen i Aurland overlevd.

Skulen signaliserer tydeleg at det er ein skule som satsar på økologisk landbruk. Logoen dekkjer halve kortveggen på denne skulebygningen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skulen signaliserer tydeleg at det er ein skule som satsar på økologisk landbruk. Logoen dekkjer halve kortveggen på denne skulebygningen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2011