Sogn og Fjordane Husstellskule

Husstellskulebygningen frå 1957 husar i 2010 kulturavdelinga til fylkeskommunen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Husmorskulen i Førde, som det heitte den gongen, vart starta i 1947. Skulen starta opp i Sivertsens Hotell på Skorpa - sjå Sivertsens Hotell i Førde - og var eit framhald av ein husmorskule som hadde starta i Alværa i Lavik i 1922. Husmorskulen flytta inn i nybygg på Prestebøen i 1957.
Kongemiddag
I 1958 husa skulen festmiddagen som fylket heldt for Kong Olav V i samband med rundreisa hans i fylket ved 100-årsjubileet til Fylkesbaatane.

Kong Olav et middag på husmorskulen i 1958.
Elevane ved skulen serverte, og kongen takka for maten slik det framleis høvde seg på 1950-talet: Han roste jentene som lovande hustruemne og mødre!
Ved skulen fekk elevane m.a. opplæring i barnestell, der dei kunne øve seg på nyfødde som seinare skulle adopterast bort. Husstellfagskulen vart 1994 slått saman med yrkesskulen (sjå Førde Metallfagskule) og samla i nybygg på indre Øyrane.
Kulturetaten i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og Sogn og Fjordane kunstmuseum held til i dei gamle bygningane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.11.2010