Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane vart skipa 1987, og heldt dei første åra til i kjellaren i Røde Kors-bygget. Det flytta seinare inn i tidlegare husstellfagskulen, saman med fylkeskulturkontoret.

Det vart i 2000 omskipa til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med i stiftinga er fylkeskommune og vertskommunar for samlingar, og kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane.

I 2004 vart Sogn og Fjordane Kunstmuseum omskipa til ei stifting som er ansvarleg for fylgjande kunstsamlingar med i alt 2.900 verk:

Kunstmuseet på Prestebøen

i Førde.

Kunstsenteret i Førdehuset

som m.a. sel arbeid frå dei kring 55 organiserte biletkunstnarane og kunsthandverkarane i fylket (tal frå 2004).

Svormuséet

i Hornindal.

Astruptunet

i Jølster. Sjå: Nikolai Astrup.

Eikaasgalleriet

Eikaasgalleriet

i Jølster. Sjå: Ludvig Eikaas.

Gjesmegalleriet

i Lærdal. Sjå: Hans Gjesme.

Stor samling i Førde

Sogn og Fjordane kunstmuseum på Prestebøen har eiga kunstsamling som spenner frå Anders Askevold til moderne tid, ein skulpturpark like ved muséet, og har skiftande kunstutstillingar med utvalde kunstnarar. I tillegg driv kunstmuséet vandreutstillingar og ulike pedagogiske tilbod til skulane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2008