Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivaren i Sunnfjord

Frå Fjordane Tingrett. Foto: NRK.

Frå Fjordane Tingrett. Foto: NRK.

Sorenskrivaren i Sunnfjord har halde til i Førde sidan 1852, men hadde også sete i bygda 1727-1745. Sorenskrivaren har elles hatt tilhald på Fure, Dale og i Åfjorden.

Etter omskiping av domstolane i år 2001, vart Førde bygd ut til ein domstol som m.a. femner om deler av Nordfjord og deler av ytre Sogn – Høyanger, Hyllestad og Solund - i tillegg til Sunnfjord. Gulen kommune vart lagt under sorenskrivaren i Nordhordaland.

Domstolen har fått namnet Fjordane tingrett, og kom i funksjon i 2005. Sorenskrivar Bjarte Eikeset vart utnemnd som første leiaren for den nyskipa tingretten. Han gjekk av med pensjon i 2007 og vart då etterfylgd av Terje Mowatt.

Sorenskrivar Terje Mowatt. Foto:  NRK.

Sorenskrivar Terje Mowatt. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.11.2010