Hopp til innhold
X
Innhald

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: NRK

Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: NRK

Sparebanken Sogn og Fjordane har idag sitt hovudsete i Førde. Bankbygget frå 1991 set sterkt preg på sentrum. Sparebanken Sogn og Fjordane har opphavet sitt i ein av dei eldste sparebankane i fylket:

Førde Sparebank

I 1842 vart Førde Sparebank skipa som den andre i Sogn og Fjordane. Sogndal hadde fått sin året før. Banken heldt dei første 50 åra til i Tingstova i Sjøahola - den same tingstova som i 1857 var møteplass då fylkestinget vedtok å skipe Fylkesbaatane. Ny bankbygning stod ferdig ved Kyrkjevegen i 1902. Den husa også kommuneadministrasjon og telefonstasjon.

Gamlebanken i  Kyrkjevegen, bygd i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlebanken i Kyrkjevegen, bygd i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1964 vart det gamle apoteket «Pontoppidan» ved Langebrua rive for å gje plass til nytt bankbygg, som i sin tur i 1990 vart rive for å gje plass til dagens bankbygg.

Sunnfjord Sparebank

I 1973 vart Sunnfjord Sparebank skipa ved at Førde slo seg saman med Askvoll, Vevring og Jølster. I 1974 vart Anders Sølvberg tilsett som adm. banksjef, ei stilling han hadde fram til 2001. Under hans leiing gjekk stadig fleire små sparebankar inn i Sunnfjord Sparebank. Med Sunnfjord Sparebank som tyngdepunkt, vart så Sparebanken Sogn og Fjordane skipa i 1988.

Førde Sparebank i 1967. Foto: Reiakvam.

Førde Sparebank i 1967. Foto: Reiakvam.

Sparebanken Sogn og Fjordane

hadde i 2006 ein forvaltningskapital på 18 milliardar kroner og hadde kring 240 tilsette. Arvid Andenæs overtok som administrerande banksjef etter Anders Sølvberg i 2001, og under hans leiing har Sparebanken Sogn og Fjordane m.a. stilt seg i spissen for å byggje opp eit fylkesbasert investeringsfond for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Arvid Andenæs.

Arvid Andenæs.

Anders Sølvberg.

Anders Sølvberg.

Samanslåing i Flora-Bremanger

Etter krise i oppdrettsnæringa fekk Sparebanken Flora-Bremanger store tap og økonomiske vanskar og vart slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane hausten 2003. Banken hadde i 2003 ein forvaltningskapital på 13 milliardar kroner.

Gjensidige Bank

I 2006 gjorde Sparebanken Sogn og Fjordane ein avtale med Gjensidige Holding om å skipe ein «nettbasert» bank i Førde: Gjensidige Bank.

Fjaler Sparebank inn

I 2010 gjekk Fjaler Sparebank inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. Samstundes vart Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane oppretta. Dette vart til då den nest største forretningsstiftinga i landet med 1,8 milliardar kroner i eigenkapital. Dette vart overført frå grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bankbygget til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bankbygget til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nesten fylkesdekkande

Sparebanken Sogn og Fjordane har i år 2010 38 ekspedisjonsstader i 21 kommunar i fylket (avdelingskontor/filialar i parentes):

  • Askvoll (Askvoll, Bulandet, Værlandet)
  • Balestrand (Balestrand)
  • Bremanger (Kalvåg, Bremanger, Svelgen)
  • Eid (Nordfjordeid)
  • Fjaler (Dale)
  • Flora (Florø, Eikefjord)
  • Førde (hovudkontor og filial på sentralsjukehuset)
  • Gaular (Sande, Bygstad, Viksdalen)
  • Gloppen (Sandane, Byrkjelo, Hyen)
  • Gulen (Eivindvik, Brekke, Byrknesøy)
  • Hornindal (Grodås)
  • Hyllestad (Leirvik)
  • Høyanger (Høyanger, Lavik, Bjordal)
  • Jølster (Skei, Vassenden)
  • Leikanger (Hermansverk)
  • Naustdal (Naustdal)
  • Sogndal (Sogndal)
  • Solund (Hardbakke)
  • Stryn (Stryn, Olden, Innvik)
  • Vik (Feios, Fresvik)
  • Vågsøy (Måløy)
  • Årdal (Øvre Årdal)
  • Avdelingskontoret i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Avdelingskontoret i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    I 2006 opna Sparebanken Sogn og Fjordane den første filialen sin utanfor fylket i Bergen. I 2007 tok Sparebanken Sogn og Fjordane over Sogn Eigedomskontor i Sogndal.

    Over til Bank i butikk

    Hausten 2009 la Sparebanken Sogn og Fjordane ned 16 filialar og la tenesta på desse stadene over til ”Bank i butikk”: Bygstad, Viksdalen, Bulandet, Byrknesøy, Brekke, Kalvåg, Eikefjord, Lavik, Bjordal, Vassenden, Byrkjelo, Hyen, Olden, Innvik, Fresvik og Feios.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.10.2010