Hopp til innhold
X
Innhald

Spesialvarer AS

TOOLS Spesialvarer AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

TOOLS Spesialvarer AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spesialvarer AS vart starta av Arne Grønfur i 1972. I starten var det ein jernvareforretning, men voks etter kvart til å bli det største industrivarehuset i Sogn og Fjordane med 25 tilsette. I 1988 flytta forretninga inn i nye lokale på Hafstad. I 1998 vart Spesialvarer med i kjeda TOOLS. Frå 2008 er forretninga heileigd av TOOLS Norge AS og har namnet TOOLS Spesialvarer AS. Omsetninga passerte 80 millionar kroner i 2008.

Sjå og Forretningsfamilien Grønfur.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010