Hopp til innhold
X
Innhald

Større offentlege institusjonar i Førde

Fjordane tingrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Fjordane tingrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Sorenskrivaren i Sunnfjord

har halde til i Førde sidan 1852, men hadde også sete i bygda 1727-1745.

Sunnfjord Tingrett

- sjå Sorenskrivaren i Sunnfjord.

Fjordane Tingrett

- sjå Sorenskrivaren i Sunnfjord.

Jordskifteverket

Jordskifteverket har hatt kontor i Førde sidan 1888, og sidan 1951 har Førde vore sete for jordskifteoverretten i fylket.

Norges Vassdrags- og Energidirektorat - Region Vest

Norges Vassdrags- og Energidirektorat - Region Vest

Kontoret har ansvaret for m.a. elveforbygging, damsikring, landskap- og miljøvern kring vassdrag i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Statens Vegvesen

bilsakkunnige for Sogn og Fjordane, starta med kontor på Leikanger i 1939. Bilsakkunnige flytta til Førde i 1949, med Jon Loen som første leiar. Frå 1979 har bilsakkunnige vore delt i tre regionar: Nordfjordeid for Nordfjord, Førde for Sunnfjord og Sogndal for Sogn. Førde Trafikkstasjon held til på Kronborg. Det lokale vegkontoret for Sunnfjord hadde også sete i Sunnfjord før både dette og eit tilsvarande kontor på Nordfjordeid vart lagd ned og alt samla kring vegsjefen i Leikanger. Les meir om Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane på fylkessidene.

Trafikkstasjonen til Statens Vegvesen på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trafikkstasjonen til Statens Vegvesen på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane fylkeslandbrukskontor

– no Fylkesmannens landbruksavdeling – skipa i Førde 1955 med Rasmus Nordbø som første leiar. Christian Rekkedal er noverande landbruksdirektør (2009).

Sogn og Fjordane Landbruksselskap

- sjå Sogn og Fjordane fylkeslandbrukskontor.

Fylkesmannens landbruksavdeling

- sjå Sogn og Fjordane fylkeslandbrukskontor.

Forbrukarkontoret

for Sogn og Fjordane skipa 1974 med Leif Rygg som første leiar. I 2003 vedtok styret i Forbrukarrådet å redusere talet på forbrukarkontor frå 19 til 10. Etter dette er forbrukarkontoret i Sogn og Fjordane lagt ned, og tenestene flytta til kontoret i Bergen.

Førde Teleområde

omfatta heile Sogn og Fjordane, og vart skipa i 1975. Teleområdet vart lagd ned og slege saman til Bjørgvin teleområde med hovudsete i Bergen i 1993. – Les meir under Samferdsle i artikkelen: Telefon i Førde.

Norsk Rikskringkasting

– sjå under NRK Sogn og Fjordane.

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane, Førde

– Sjå Sogn og Fjordane fylke - Konfliktrådet i Sogn og Fjordane.

Førde Sentralsjukehus

og leiinga for Helse Førde held til i Førde.

Helse Førde

- sjå Førde Sentralsjukehus.

Hjelpemiddelsentralen

- sjå Trygdeetaten.

Lotteritilsynet

vart skipa i 2001 med Atle Hamar som leiar.

Stiftelsestilsynet

Sjå Lotteritilsynet .

Lotteri- og Stiftelsestilsynet

- sjå Lotteritilsynet.

Statlege høgskular

- sjå under Skular i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.11.2010