Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Auto AS

Sunnfjord Auto AS på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Auto AS på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Auto AS bilfirma i Førde vart starta i 1992 av Bjørn Sæbøe, Steinar Dvergsdal og Frank Kirkebø. Dei overtok då som Volvo-forhandlarar i Førde og kjøpte eit stort bygg som tidlegare var reist av maskinentreprenør Ingvard Osen på Halbrendsøyra.

Det var Hendens Bilforretning på Sandane (sjå Gloppen kommune: Forretningsfamilien Henden) som hadde starta filial for sal av Volvo i Førde, men i 1984 gjekk Henden konkurs. I åra som fylgde, forsøkte m.a. firmaet Firda Motor og andre seg som Volvo-forhandlar i Førde inntil Sunnfjord Auto tok over i 1992. Firmaet forhandlar også bilmerka Renault og LandRover.

I 2010 vart Sunnfjord Auto AS kjøpt av Bergensfirmaet Frydenbø AS, som og er eigar av Volvo og Renault-forhandlaren Sogn og Fjordane Auto AS på Sandane. Namnet på Førde-avdelinga vart Frydenbø bilsenter avd. Førde.

I 2013 kunne Frydenbø bilsenter ta i bruk ein nyrenovert bygning med 500 kvadratmeter ekstra boltreplass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013