Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Betong AS

Sunnfjord Betong AS på Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Betong AS på Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Betong AS vart skipa i 1990 av Terje Horsevik, Mindor Sunde, Ragnhild Russenes og Eivind Eikenes. I 1997 bygde selskapet stort blandeverk på Hornnes. I 2001 vart Sunnfjord Betong slege saman med Førde Sementvarefabrikk AS, som i 1997 hadde overteke bilar og anlegg til Ferdigbetong A/S frå Hjelmelands-familien. Samstundes med samanslåinga vart aksjane fordelte med ein halvpart på Opseth-familien og den andre halvparten på dei gamle eigarane av Sunnfjord Betong.

I 2002 overtok Sunnfjord Betong ein blandestasjon på Botnastranda i Florø. I 2007 har selskapet 13 betongbilar og pumpekraner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011