Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Bygg AS

Neumann Bygg AS på Øyrane er eit framhald av Namtvedt A/S og Rieber Bygg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Neumann Bygg AS på Øyrane er eit framhald av Namtvedt A/S og Rieber Bygg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Bygg AS var eit byggevarefirma som etablerte seg på industriområdet på Øyrane i 1973. Her vart det bygd eit stort lager- og forretningsbygg. Bak firmaet stod Rieber& Søn i Bergen , som hadde aksjemajoriteten, og Førde Sementvare.

Forretninga endra seinare namn til Rieber Bygg då Rieber kjøpte opp alle aksjane, samstundes om Førde Sementvare overtok ein forretningsgard i Fjellvegen i Førde sentrum (sjå Namtvedt AS).

Då bergensfirmaet Neumann ei tid seinare kjøpte byggevaredivisjonen til Rieber-konsernet, fylgde førdeavdelinga med, og har sidan heitt Neumann Bygg AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010