Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Hotell

Rica Sunnfjord Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rica Sunnfjord Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Hotell vart bygt i 1968 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad. Eigarar vart eit «folkeaksjeselskap», med brei tilslutnad i bygda.

Det første byggjesteget var teikna av den britiskfødde arkitekten Connie Henden og fekk 67 senger i starten. Sunnfjord Hotell har gjennom fleire etappar vorte utvida til ein sengefløy med 330 senger, og med fleire utvidingar av konferanse- og restaurantfløy frå 1980- talet og fram til 2004 har hotellet vorte eitt av dei største i Sogn og Fjordane.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (til høgre) ynskjer dei første gjestene på Sunnfjord Hotell velkomne i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (til høgre) ynskjer dei første gjestene på Sunnfjord Hotell velkomne i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Rica overtok drifta

I 1999 overtok Rica-kjeden drifta av hotellet under namnet Rica Sunnfjord Hotel, men bygningar og eigedomar høyrer framleis til det gamle selskapet, og vert leigd ut til Rica-kjeden. Direktør for Sunnfjord Hotell frå starten i 1968 til 2006 var Vidar Ødelien.

Over til Scandic

I 2009 kunne hotellet ta i bruk ei ny spa-avdeling - Sunnfjord Spa. Hotellet har etter det fått namnet Rica Sunnfjord Hotell og Spa. I 2014 vart Rica-kjeden kjøpt av Scandic Hotels, og hotellet vart dermed eit Scandic-hotell, namnet vart Scandic Sunnfjord Hotell og Spa.

Scandic Sunnfjord Hotell-kas.jpg?w=600

Scandic Sunnfjord Hotell. Frå 2014 er Sunnfjord Hotell ein del av Scandic-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015