Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Ungdomsskule

Sunnfjord Folkehøgskule. Den raude trebygningen – Haavetun – vart reist i 1911. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sunnfjord Folkehøgskule. Den raude trebygningen – Haavetun – vart reist i 1911. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sunnfjord Ungdomsskule vart starta i Naustdal i 1902 etter initiativ frå haugianaren Torbjørn Horten frå Aurland.

Dei første åra var det «Ungdomsvennernes Forening» som dreiv skulen i Naustdal, der den heldt til i det då nybygde kommunehuset. I 1906 overtok Indremisjonen.

Ved Haavetun står det ein minnestein over Rasmus Øvrelid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Haavetun står det ein minnestein over Rasmus Øvrelid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flytta til Førde i 1909

Det var ei tid aktuelt å byggje eigen skulebygning i Naustdal, men Førde Sparebank i 1908 «avgjorde» lokaliseringsspørsmålet ved å stille tomt til disposisjon og 10.000 kroner i tilskot dersom skulen vart bygd i Førde. I 1909 kunne skulen flytte inn i nytt skulebygg – Solvang – i Førde.

Branntragedien i 1910

Men 3. september 1910 brann nyeskulen ned til grunnen, og 6 menneske miste livet (sjå Ulukker i Førde). Nytt bygg var gjenreist 1911, kalla Haavetun etter den kjende haugianaraen Anders Haave. Det karakteristiske skulebygget står framleis på skuleområdet i si opphavelege form.

Sunnfjord Folkehøgskule

Skulen heiter idag Sunnfjord Folkehøgskule, og på skuletunet Solvang er det 15 større og mindre bygningar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2010