Hopp til innhold
X
Innhald

Torberg Haaland

Torberg Haaland (1915–1945) frå Førde. Ingeniør og fenrik i Flyvåpnet.

Torberg Haaland (1915–1945) frå Førde. Ingeniør og fenrik i Flyvåpnet.

Haaland voks opp i Førde som son til skulestyraren ved Mo jordbruksskule, Sivert Aslakson Haaland (sjå denne under Kjende personar i Høyanger fødde år 1850-1900.

Han tok eksamen som diplomingeniør ved NTH og arbeidde i NSB.

Rømde til England med ei fiskeskøyte våren 1941 og utdanna seg som flygar i Little Norway i Canada. Gjorde teneste som flyinstruktør, kom til England og var i aktiv krigsteneste i ein skvadron Mosquito kampfly. Omkom under eit flytokt over Sørlandet då flyet havarerte i sjøen ved Larvik og eksploderte den 2. juli 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2010