Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsskule og bydelsskular

Førde ungdomsskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde ungdomsskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Niårig ungdomsskule kom i gang i Førde i 1971. Då obligatorisk ungdomsskule skulle innførast på 1960-talet, gjorde skuledirektøren i Sogn og Fjordane, Halgeir Furnes, framlegg om ei rad sentralskular som skulle dekkje fleire kommunar. I midtre Sogn villa han t.d. ha felles ungdomsskule for Leikanger, Vik og Balestrand, og i Sunnfjord gjorde han framlegg om ein sentral ungdomsskule for heile indre Sunnfjord, plassert i Førde. Dette vekte sterke protestar, og då Olav Aam overtok som skuledirektør, kom det minst ein ungdomsskule i kvar kommune i fylket. Det var t.d. tilfelle både i Gaular og Jølster, nabokommunar til Førde. Ungdomsskulen i Førde vart bygd like ved Førde barneskule på Skei i 1971. I samband med at det vart bygt ny barneskule i bydelen Flatene i 1997 vart den tidlegare barneskulen på Halbrend omgjort til ungdomsskule nummer to i Førde.

Halbrend skule vart ungdomsskule i 1997. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Halbrend skule vart ungdomsskule i 1997. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleire bydelsskular

Fram til 1974 var det berre ein grunnskulekrins i Førde sentrum med felles skule like ved Førde kyrkje. Her vart gamleskulen, bygd i 1894, supplert med eit nybygg i 1959. Men etter kvart som byen vaks, vart det trong for auka kapasitet og eit skuletilbod som låg nærare dei nye bydelane. I 1974 vart difor Halbrend barneskule bygd. I 1994 kom så Slåtten skule. I 1997 kom Flatene skule på ytre Hafstad, samstundes som den tidlegare barneskulen på Halbrend vart omgjort til ungdomsskule og skule for dei eldste i barneskulen. Sunde skule ved Movatnet vart bygd i 1896, men er sidan mykje utvida, m.a. for å ta imot det auka barnetalet frå nye bustadfelt på Farsund og Bruland.

Førde barneskule var fram til 1974 den einaste sentrumsskulen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde barneskule var fram til 1974 den einaste sentrumsskulen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slåtten skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slåtten skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flatene skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flatene skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygdeskulane

I tillegg til sentrumsskulane er det barneskular på Karstad i Solheimsdalen (bygd 1972), på Grimelandshaugen i Angedalen (bygd 1979-1980), i Holsen (nybygg i 1955 med utviding i 1988), og på Frøysland i Haukedalen (bygd 1963). Men i 2013 vart det vedteke å legge ned Angedalen skule frå og med skulestart 2013. Tidlegare var det også eigne skulekrinsar for Heilevang, Ulltang, Masdal, Åsane, Husetuft/Nydal på sørsida av Holsavatnet, og to krinsar i Angedalen: Skulehuset på Furebø dekte fremste delen av dalen og skulehuset i Angedalen dei inste grendene. Det var også ein kort periode skule på Høyset i Holsen.

Angedalen skule vart vedteken nedlagd i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Angedalen skule vart vedteken nedlagd i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Karstad skule i Solheimsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Karstad skule i Solheimsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holsen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holsen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøysland skule i Haukedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøysland skule i Haukedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nedlagde skular

Medan mange kommunar har skore kraftig ned på talet på barneskular har utviklinga gått motsett veg i Førde. Men også her er det skulekrinsar som er lagde ned, m.a. Furebø i Angedalen og Ulltang. I 2014 vart også Angedalen skule lagd ned.

Tidlegare Furebø skule i Angedalen. Etter at dette biletet vart teke har Audun Ramstad fått restaurert skulehuset slik at det kan brukast til samankomstar i bygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Furebø skule i Angedalen. Etter at dette biletet vart teke har Audun Ramstad fått restaurert skulehuset slik at det kan brukast til samankomstar i bygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Ulltang skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Ulltang skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015