Hopp til innhold
X
Innhald

Valaker AS

Valaker AS i 2007. I 2009 gjekk firmaet ut av Expert-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Valaker AS i 2007. I 2009 gjekk firmaet ut av Expert-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Valaker AS vart skipa 1972 av Asbjørn Valaker (1945–2005) frå Utvik.

Fram til 1975 var Valaker rein musikkforretning, sidan bygd ut til største radio- og TV-forretninga i fylket. I 1988 bygde Valaker eige forretningsbygg på Øyrane. I 1995 starta firmaet eiga forretning for telekommunikasjonsutstyr i Elvegården. I 2000 starta Valaker AS avdeling i Sogndal, og har i 2005 20 tilsette.

Ut av Expert

Valaker AS var nokre år med i Expert-kjeda, men vart frå 2009 igjen ei frittståande elektroforretning.

Sonen Trond Valaker er dagleg leiar i Valaker AS, medan sonen Kristian Valaker vart dagleg leiar i bilforretninga Førde Bil Partner AS, som Valaker-familien overtok i 2005. I 2007 vart Førde Bil Partner overteke av bilforhandlar Ludvig Langedal jr. i Eikefjord.

Slutt for elektroforretninga

I 2012 vart elektroforretninga lagd ned, men Trond Valaker heldt fram med mobiltelefonfirmaet Telehuset AS. Ingen av dei 16 tilsette i selskapet miste arbeidet då elektroforretninga vart lagd ned.

I 2014 slutta Trond Valaker som dagleg leiar i Telehuset AS då han vart tilsett som rådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Daniel Levy tok over som dagleg leiar i Telehuset AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.05.2014