Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandske Salslag i Førde

Gilde i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Gilde i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vestlandske Salslag opna regionslakteriet Sunnfjord Slakteri i Storehagen i 1964. Før det hadde VS drive eit lite slakteri på Steinen frå 1930, og frå 1941 til 1964 ved Halbrendsbrua. Då slakteriet i Storehagen vart opna var det det tredje regionslakteriet i Sogn og Fjordane. Frå før hadde VS Nordfjord Slakteri på Nordfjordeid (1956) og Sogn Slakteri i Sogndal (1963). Etableringa i Førde skjedde ikkje utan kamp om lokaliseringa. Alternativet var Dale.

Sivilagronom Olav Karstad (1886 –1964) frå Solheimsdalen i Førde vert rekna som arkitekten då Vestlandske Salslag etter mykje tvil og motstand vart skipa i 1920.

Slakteriet Vestlandske Salslag bygde i Førde sentrum i 1964. I dag er Handelshuset bygt på tomta. Foto: Vestlandske Salslag.

Slakteriet Vestlandske Salslag bygde i Førde sentrum i 1964. I dag er Handelshuset bygt på tomta. Foto: Vestlandske Salslag.

Storslakteri for heile fylket

Fram til 1980-talet var slakteristrukturen i Sogn og Fjordane uendra. Men etter ny og hard strid vart det vedteke å byggje storslakteri på Reset i Førde. Dette stod ferdig i 1984 og tok over mykje av slaktinga og produksjonen frå regionslakteria i Sogndal og på Nordfjordeid. Begge desse slakteria har sidan vorte gradvis nedtrappa. Nordfjord Slakteri mista den siste produksjonen av spekemat og pinnekjøt i 2003 og vart lagt ned, medan Sogn Slakteri framleis har produksjon av ein del spekematprodukt.

Vestlandske Salslag vert Gilde Vest

Men også det relativt nye storslakteriet i Førde har fått merke den hardhendte rasjonaliseringa og sentraliseringa: I 2000 mista anlegget den viktige kjøtkakeproduksjonen, og fekk redusert bemanning. Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføre produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.

I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet. Dette vert sentralt styrt frå Oslo, men har eit hovudstyre som også har fast representant i dei lokale styra - m.a. for Gilde Vest. Gilde-konsernet omfatta elles Gilde Felleslakteriet og Gilde Hed-Opp - begge på Austlandet - Gilde BS (tidlegare Bøndenes Salgslag) i Trøndelag, og Gilde NNS (tidlegare Nord-Norges Salgslag).

Nortura Førde

I åra etter skjedde det mykje innan slakterisamvirket. Namnet vart endra til Nortura AS, og slakteriet i Førde fekk namnet Nortura Førde. Mange anlegg vart lagde ned, og i 2012 er Nortura Førde det einaste Nortura-slakteriet mellom Rogaland og Trøndelag. På anlegget i Førde vart det investert for 50 millionar kroner. Nortura Førde på Reset har ei flate på 18.000 kvm, det er 122 fast tilsette og 140 sesongarbeidarar (2012), og det er eit reint råvareanlegg. I 2012 blir det slakta 26.500 storfe, 118.300 småfe og 36.000 grisar.

Frå saueslakting på Nortura Førde. Her blir saueskrottane klipte. Foto: Birger Meland, NRK.

Frå saueslakting på Nortura Førde. Her blir saueskrottane klipte. Foto: Birger Meland, NRK.

Les meir om Vestlandske Salslag under fylkessidene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2012