Hopp til innhold
X
Innhald

Volleyballsyskena Vølstad

Førde volleyballklubb under kamp i Førdehuset. (Foto: NRK)

Førde volleyballklubb under kamp i Førdehuset. (Foto: NRK)

Volleyballfamilien Vølstad består av syskena Torgeir, Olav, Asbjørn, Jofrid og Berit.

Torgeir Vølstad

- fødd 1959 i Drammen, oppvaksen i Førde.

Olav Vølstad

fødd 1961 i Drammen, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar som har spela i den norske toppserien for Førde, Volda og Egersund. Har 79 landskampar.

Asbjørn Vølstad

- fødd 1962 i Drammen, oppvaksen i Førde.

Jofrid Vølstad

fødd 1964 i Namsos, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar som har spela i den norske toppserien for Førde, Tambarskjelvar, BSI Bergen, og Sandnes. Eitt år som profesjonell i Hamburger Sportsverein. Har spela 51 landskampar.

Berit Vølstad

fødd 1974 i Bergen, oppvaksen i Førde. Volleyballspelar som har spela i den norske toppserien for Førde, Tambarskjelvar, Sandnes og Koll, Oslo. Som idrettsstipendiat spela ho eitt år på universitetslag i Michigan, USA. Har spela 12 landskampar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008