Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Harlem

Alf Harlem (t.v) kjøpte denne bilen i 1904. Bilen er ein Wartburg,ein såkalla ”Voiturette”. Biletet er i familien si eige, og skal vere teke under eit kort studieopphald i Berlin.

Alf Harlem (t.v) kjøpte denne bilen i 1904. Bilen er ein Wartburg,ein såkalla ”Voiturette”. Biletet er i familien si eige, og skal vere teke under eit kort studieopphald i Berlin.

Alf Harlem (1873-1955) frå Oslo, busett i Bygstad, seinare Voss. Lege og fossekjøpar. Distriktslege i Gloppen 1901-1904, og dreiv privatpraksis i Bygstad 1904-1907.

Kjøpte ein av dei første bilane til Sogn og Fjordane i 1904 (sjå bilete nedanfor og sjå også Gabriel L. Bjørnereim). Kjøpte under opphaldet i Gaular fallrettar i Rekevikfossen i Gaula, og fallrettane i den seinare freda Laukelandsfossen.

Utførde i 1906 obduksjonen av Henrik Hetle i den kjende «Hetle-saka» (sjå Hetlesaka og justismordet).

Harlem flytta i 1907 til Voss, der han vart distriktslege og jernbanelege.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011