Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Jakobsson Roska

Alf Jakobsson Roska (1926-1983) frå Viksdalen. Rektor og organisasjonsmann. Tok lærareksamen i 1950 og var lærar i Norddalsfjorden, Nes i Viksdalen og frå 1964 til 1983 rektor ved Viksdalen sentralskule.

Som medlem av skulestyret stod Roska sentralt i kampen for eigen sentralskule for Viksdalen.

I 1954 skipa han Flink 4H som var den første 4H-klubben i Sogn og Fjordane, og han leia klubben i 25 år.

Formann i Gaular sogenemnd i 15 år og redaktør for tredje bindet av Gaularsoga som kom ut i 1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010