Hopp til innhold
X
Innhald

Ålmenn kraftforsyning i Gaular

Arbeidarane som bygde kraftlina til Lunde vart frakta til og frå arbeidet på denne lastebilen. Ved rattet Karl Sygna. Biletet er teke på Hjelmeland. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Arbeidarane som bygde kraftlina til Lunde vart frakta til og frå arbeidet på denne lastebilen. Ved rattet Karl Sygna. Biletet er teke på Hjelmeland. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Det første kraftverket i Gaular vart bygd under Osfossen av bonde Halvor Lervik i 1912.

I mellomkrigstida vart det i tillegg til dei småkraftverka som er nemnde i «Fleire småkraftverk langs vassdraget», også bygd eit grendekraftverk ved Njøsfossen, og i krigsåra eitt i Kvamselva i Bygstad, og eit i Selselva i Bygstad.

Men trass i storfelte planar for Gaularvassdraget kring 1920, kom ikkje den organsierte elektrifiseringa av Gaular i gang før etter 2. verdskrig.

L/L Gaular Kraftlag vart skipa i 1939, men arbeidet låg nede under krigen. Frå 1947 starta linjearbeidet. Bygstad og Sande fekk forsyning i 1947-1948. Viksdalen fekk kraftforsyning i 1953-1954. Nokre gardar mot Vadheim vart knytte til linenettet først i 1958.

Oppover Eldalsdalen hadde ein del grender hatt forsyning frå små kraftverk, men full dekning gjennom heile dalføret kom ikkje før i 1962. Gaular Kraftlag vart slege saman med Sunnfjord Energi (sjå Førde kommunale kraftverk) i 1992.

Sunnfjord Energi AS, base Gaular på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Energi AS, base Gaular på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.09.2010