Hopp til innhold
X
Innhald

Ammunisjonslageret i Årbergsdalen

Under 2. verdskrig sorterte Gaular under «Kampavsnitt Førde», og i Årbergsdalen bygde tyskarane eit stort ammunisjonslager i 1943. Vest for riksvegen vart det bygt eit nett av vegar, og langs vegane vart det sett opp ei mengd ammunisjonshus.

Ved inngangsporten var det vakt, og soldatbrakke med kjøken, garasje og stall. I alt var det 50 større og mindre hus i området. Etter ei tid vart russiske krigsfangar sette til å strekkje eit høgt piggtrådgjerde rundt heile lagerområdet, og området rundt vart minelagt. Minene var kopla til snubletrådar om nokon skulle prøve seg.

Sentrallager for okkupasjonsmakta

Lageret i Årbergsdalen var sentrallager for tyskarane i Sogn og Fjordane, og herifrå vart ammunisjonen fordelt vidare til dei ulike festningane.

Opprydding etter krigen

Etter krigen vart 320 miner fjerna frå området, og under ryddearbeidet miste ein tysk soldat livet. Ammunisjonen vart frakta med båt til ein dumpingsplass i Fuglsetfjorden på sørsida av Sognefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011