Hopp til innhold
X
Innhald

Åmot operagard

Åmot operagard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åmot operagard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinar Sørli overtok Åmot gard ved Bygstad i 1997, og har restaurert og gjort garden om til eit kombinert gjestehus og kultursenter der det m.a. har vorte spela opera og stelt i stand gourmetmåltid av meisterkokkar.

Bygningane på garden vart reiste frå 1890-talet og utetter av den velståande byggmeisteren Søren Åmot som flytta heim frå Bergen, og som m.a. bygde hovudhuset i typisk sveitsarstil. Hagen kring huset er restaurert med nyplanting av gamle eplesortar som gravenstein, kronprins, leiknes, lobo, løeple, prinsar, raud haugmann, raud gravenstein, raud säfsholm, raud torstein, czar og hermann.

Nasjonale prisar

I 2011 fekk Åmot operagard og samarbeidspartneren Spar Sande den nasjonale Kultur- og næringslivsprisen for arbeidet sitt. I 2012 fekk Åmot operagard den såkalla Perleprisen som vart utdelt på Reiseliv 2012. I 2014 vart operagarden medlem i De Historiske Hotell og Spisesteder.

Verdsstjerna Kiri te Kanawa er mellom dei som har gjesta Åmot operagard. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Verdsstjerna Kiri te Kanawa er mellom dei som har gjesta Åmot operagard. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.01.2014