Hopp til innhold
X
Innhald

Anders R. Hjelmeland

(1836–1910) frå Bygstad. Bonde, lærar og emissær.

Var sjølvlærd og arbeidde som lærar i Førde, Naustdal og Viksdalen. Frå 1874 var han ein av dei første såkalla bibelboda som reiste som emissær på Den Norske Lutherstiftelsen (indremisjonen) i Sunnfjord og kring Bergen. Medskipar av Søndfjord Fællesforening av den indre Mission i 1886.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2007