Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Hjelmeland

Andreas Hjelmeland (1928-2012) frå Gaular, busett i Førde. Entreprenør og fly-pioner. Andreas Hjelmeland flytta etter nokre år som murmeister i Bergen til Førde i 1949, og bygde på få år opp den største entreprenørforretninga i Sogn og Fjordane.

Første storeoppdraget i Førde var bygging av Førde Meieri, ferdig i 1954. I 1950 bygde han sitt første forretningsbygg i sentrum (noverande Fretex-butikk), og i 1960 Førde Varehus, som seinare har vorte utvida mange gonger, og husar kommuneadministrasjonen.

I 1957 kjøpte Andreas Hjelmeland som den første i fylket eige fly, og i 1966 skipa han Førdefly som med sjøfly m.a. dreiv avisflyging og charterflyging med daglege ruter på Bergen. Andreas Hjelmeland bygde eigen hangar og sjøflyhamn på Øyrane. Han spelte ei sentral rolle då småflyplassen på Øyrane vart bygd i 1971, og hangarbygget tente som stasjonsbygning med kontrolltårn for småflyplassen heilt til ny flyplass på Bringeland kom i 1986.

Andreas Hjelmeland bygde også lager og forretningsbygg i Halbrendslia (noverande Førde Bygg AS) og forretningshuset Fokus-gården i sentrum sør i 1972. Andreas har overlate drifta av eigedomane til sønene Frank Hjelmeland fødd 1951 og Arle Hjelmeland f.1958. Frank har m.a. utvida Førde Varehus mykje sidan han tok over, og Arle bygde i år 2000 det karakteristiske restaurantbygget Pikant ved Langebrutorget i sentrum sør.

Andreas Hjelmeland er bror til Gunnar Hjelmeland, Finn Hjelmeland og Fritz Hjelmeland.

Sjå også: Forretningsfamilien Hjelmeland

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2012