Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Søgnen

Astrid Søgnen, direktør for utdanningsetaten i Oslo kommmune og tidlegare statssekretær for Arbeidarpartiet. Få har prega skulepolitikken på 2000-talet meir enn ho.

Astrid Søgnen blei fødd 8. november 1951 i Gaular i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna cand.philol frå Universitetet i Oslo i 1983. Søgnen arbeidde som lektor ved Lillestrøm vidaregåande skule 1983–1987.

Sidan 1987 har ho arbeidd administrativt og politisk med skulepolitikk. Frå 1990 til 2000 var ho assisterande utdanningsdirektør i Akershus fylkeskommune, berre avbroten av åra 1995–1997 då ho var statssekretær for kyrkje-, utdannings- og forskingsministrane Gudmund Hernes og Reidar Sandal (Ap). Ho var sentral i innføringa av Reform 97, med nye læreplanar og skulestart for 6-åringar.

I 2000 blei Arbeidarparti-politikaren utnemnd til skuledirektør i Oslo av byråd for kultur og utdanning Bård Folke Fredriksen (H). Sidan har ho vore direktør for den største kommunale etaten i heile landet, med ansvar for barnehage, grunnskule, vaksenopplæring og vidaregåande opplæring i Oslo kommune. Ho har hatt byrådar frå Høgre, Venstre, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti som leiarar.

I tillegg til å leie utdanningsetaten i Oslo kommune har ho hatt ei rekkje styreverv i norsk utdanningsvesen. Ho leia òg Kvalitetsutvalet, oppnemnd av den andre Bondevik-regjeringa, som la grunnlaget for Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet 2006 var den første skulereformen som tok for seg heile løpet frå grunnskulen til og med vidaregåande opplæring.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2018