Hopp til innhold
X
Innhald

Atle jarl

Atle jarl er nemnd i Eigilssoga frå vikingtida som jarl i Firdafylket. Han har truleg budd på Osen gard ved Bygstad. Atle jarl vart også kalla «Atle jarl den mjove». Han skal etter sagaen ha styrt Sygnafylket (Sogn) også ei tid, etter at småkongen Halvdan Svarte frå Austlandet hadde tvinga Sogn til seg med makt.

Kamp om Firda-fylket

Etter at sonen til Halvdan svarte, Harald Hårfagre (sjå denne -Leikanger kommune) hadde samla Vestlands-fylka under seg som ein lekk i landssamlinga, bad han Atle Jarl å reise frå Sogn og tilbake til Gaular der han kom frå. Det gjorde Atle og kom i strid med jarlen Håkon Grjotgardsson om styringsretten over Firda-fylket (Fjordane).

Håkon Grjotgardsson meinte at det var han som hadde fått tildelt retten til å styre over Firdafylket av kong Harald Hårfagre, noko Atle var usamd i. Dei to jarlane møttest i eit stort slag i Stavenesvågen i Askvoll (sjå Fornminne på Stavenes og Atløy). Her fall Håkon Grjotgardsson, og Atle jarl fekk også banesår og døydde litt seinare på ein gard på Atløy. Sønene til Atle jarl kom i strid med Ingolfr Arnarson og Leiv Rodmarsson. To av Atlesønene vart drepne. Ingolfr måtte røme landet, og vart såleis den første landnåmsnann på Island i 874.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2009