Hopp til innhold
X
Innhald

Dei store jordeigarane

Ein stor del av jorda i Bygstad var eigd av Gerhard C. Munthe på 1700-talet. Strekninga frå Hjelmeland til høgre i biletet mot Bygstad er mellom dei beste jordbruksområda i Gaular. I nedre høgre biletkanten ser vi det siste nye, fellesfjøset på Hjelmeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein stor del av jorda i Bygstad var eigd av Gerhard C. Munthe på 1700-talet. Strekninga frå Hjelmeland til høgre i biletet mot Bygstad er mellom dei beste jordbruksområda i Gaular. I nedre høgre biletkanten ser vi det siste nye, fellesfjøset på Hjelmeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fram til midten av 1800-talet var mykje av jorda i Gaular eigd av velståande embetsmenn eller handelsborgarar i byane, og bøndene var leiglendingar.

Mykje av jorda i Gaular som elles i Sunnfjord høyrde under det store Svanøy-godset. Då eigaren Severin (Seehusen) de Svanenhielm i 1724 gjekk konkurs, sytte kongen for at det meste av jorda vart seld på auksjon.

Kjøpte 14 gardar

Ein av dei som kjøpte mykje jord, var oberst Gerhard C. Munthe. Han fekk hand om mange gardar i Bygstad og elles kring Dalsfjorden. Eigaren av Osen gard, bergensborgaren Rasmus Rasmussen Boe, kjøpte 14 gardar i Gaular. Den tredje store kjøparen i Gaular var Peder Pedersen som budde i Sveen, som fekk hand om seks gardar i Bygstad og eit bruk i Sygna.

Ville løyse ut gardane

Samstundes var det mange av gardbrukarane - bøndene - som hadde spart litt kapital, og som no nytta høvet til å bli sjølveigarar. Men etter ei tid viste det seg likevel at fleire som hadde kjøpt garden, ikkje makta å løyse ut kjøpet. Ein av dei som sikra seg 11 nye gardar i den nye salsrunden, var Rasmus Pedersen Sveen.

Ein annan som fekk hand om store jordeigedomar kring Dalsfjorden og Gaular, var sorenskrivar Hans Arentz.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.09.2010