Hopp til innhold
X
Innhald

Den avhogne bjørnelabben i Eldalsdalen

Etter gamal folketru skulle ein avhoggen bjørnelabb verne dyr og huslyd dersom den vart brukt på rette måten.

I Eldalen opplevde ei jente så seint som i 1877 at to koner kom inn i fjøset ein langfredag og daska kvart dyr over nakken tre gonger med ein avhoggen bjørnelabb medan det vart sagt fram eit rituale.

Også brurer fekk behandling av bjørnelabben før dei vart vigde for å sikre dei eit godt og langt liv. Skikken var i bruk i Viksdalen til 1880-åra.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018