Hopp til innhold
X
Innhald

Den Trondhjemske Postvei i Gaular

Ei av bruene på Den Trondhjemske Postvei mellm Sande og Vadheim, ved Dregebøvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei av bruene på Den Trondhjemske Postvei mellm Sande og Vadheim, ved Dregebøvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den Trondhjemske Postvei vart bygd gjennom fylket i 1795 - mykje av vegen som brukande køyreveg.

Sørfrå vart posten rodd frå Tross (noverande Dale sentrum) og inn Dalsfjorden til Sveen (sjå Skysstasjonen og handelssetet Sveen) i Bygstad. Derifrå gjekk postvegen over Bringeland og på vestsida av Langelandsvatnet mot Førde. Vegen er merka turveg.

Det var sterke embetsfolk og offiserar i Leirvik og Dale som fekk postvegen lagt så langt vest i staden for å fylgje lina Vadheim-Sande-Førde. Då Vadheim-Førde vart bygd i 1837, avløyste den postvegen som hovudveg mellom Sunnfjord og ytre Sogn.

Pliktarbeid på vegane

Vegvedlikehaldet vart utført ved pliktarbeid. Såleis hadde t.d. folk frå Fjaler og Vevring plikt til å vedlikehalde parsellar av vegen mellom Bygstad og Førde. Dei som ikkje stilte, vart straffa med harde bøter.

Les meir om vegen Vadheim-Sande-Førde

Fram til 1837 gjekk postvegen inn Dalsfjorden. På dette biletet ser vi Bygstad med Sveen litt til høgre for midten. Hit kom posten med robåt frå Dale og vart frakta vidare med hest og kjerre. Foto: Johnny Kårstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.09.2010