Hopp til innhold
X
Innhald

Døskeland Bruk AS

Døskeland Bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Døskeland Bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Døskeland Bruk AS vart starta på Døskeland i 1968 av Oddgeir Døskeland. Han starta først med import av landbruksmaskinar frå Storbritannia, men har sidan utvida med juletreproduksjon og sal av fritidsbåtar og båtutstyr.

Døskeland Marine AS vart skipa i 1976 og fekk eiga avdeling med utsal i Førde i 2003. Denne delen av verksemda vert driven av sønene Ole Rune og Hans Alexander Døskeland.

På Døskeland gard er det bygd i alt seks utleigehytter som vert leigde ut i kombinasjon med laksefiske og jakt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010