Hopp til innhold
X
Innhald

Ei splitta bygd

Kampen om Gaularvassdraget prega lokalpolitikk og bygdeliv i Gaular i over 20 år. Frontane var harde. Saka skapte fiendskap grannar imellom.

Stortingskomitéar og regjeringsdelegasjonar var på fleire synfaringar, og Gaularvassdraget vart ei sentral sak då arbeidet med ein «Samla plan for vassdragsvern i Noreg» starta på 1970-talet. To miljøvernministrar var på synfaring - først Wenche Frogn Sellæg (Høgre) på 1980-talet og Sissel Rønbeck (Arbeidarpartiet) tidleg på 1990-talet.

Falleigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, pressa hardt på for utbygging, men Gaularvassdraget vart varig verna av Stortinget i 1993. Dei siste åra har det dukka opp planar om bygging av fleire små elvekraftverk i det verna vassdraget, m.a. i Vallestadfossen og Fossfossen.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2008