Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Nistad

Einar Nistad (1932-2011) frå Bygstad, busett i Bergen. Kjøpmann og investor.

Han bygde seg opp som ein av dei største daglegvarekjøpmennene i Bergen med lågpriskjeda Mekka. I 1992 selde Einar Nistad dei 13 Mekka-butikkane til Hakon-gruppa for 300 millionar kroner. Sidan har han konsentrert seg om eigedomshandel. På 1990-talet gav Nistad ein million kroner til bygging av ny skule i Bygstad.

Då han døydde etterlet han seg m.a. ei myntsamling som i 2012 vart seld for ti millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.11.2012