Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Kleiven

Endre Kleiven. Foto: Reiakvam Foto.

Endre Kleiven. Foto: Reiakvam Foto.

Ingeniør Endre Kleiven (1917–1997) frå Gaular starta entreprenørforretning i Bergen i 1947, men flytta etter kort tid firmaet til Bygstad, seinare Førde.

Første større bygget i heimefylket var Bygstad skule. Endre Kleiven AS bygde selskapet opp til eit av dei største entreprenørselskapa i fylket, og hadde m.a. store byggjeoppdrag i aluminiumsbyane i Sogn. I Øvre Årdal og Årdalstangen har firmaet bygd ein stor del av dei offentlege bygga og større forretningsgardar. I Gaupne er rådhuset, skulen og sparebanken kjende landemerke, og i Lærdal m.a. Lindstrøms Hotell og rådhuset.

I Høyanger hadde Kleiven m.a. hovudentreprisen på byggjinga av Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim, og på den store utvidinga av Høyanger Verk på 1980-talet. I Gaular kommune bygde Kleiven flyplassen på Bringeland i 1986, og i Førde har entreprenør-selskapet m.a. bygd Huus-bygget og Storehagen bru.

Medan aktivitetane i Sunnfjord er avvikla, vert entreprenørverksemda drive vidare i Sogn under namnet Kleiven Sogn AS, med hovudkontor i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2010