Hopp til innhold
X
Innhald

Fallrettane i Gaula vert kjøpte

Fallrettanetil Laukelandsfossen vart kjøpte av Alf Harlem, men no er den vakre fossen varig verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fallrettanetil Laukelandsfossen vart kjøpte av Alf Harlem, men no er den vakre fossen varig verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei største fallrettane i Gaularvassdraget vart kjøpte opp i 1905-1906 av ein mann frå Oslo for 300.000 kroner.
Rekvikefossen og eit par andre fossar vart kjøpt av cand. med. Alf Harlem, som frå 1903 til 1907 budde på garden Indre Eide i Bygstad. Han kjøpte også fallrettane til den vakre Laukelandsfossen ved Dalsfjorden som seinare vart varig verna.

Alle rettane vart samla i Gaulasamskipnaden i 1920, og då denne havarerte, overtok Sogn og Fjordane fylke alle fallrettane i vassdraget.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2010