Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Gaular

Eidevika med butikken til Lunde og ein fylkesbåt ved kaia i 1935. Dei fire jentene er frå v. Oline Flåm, Alfhild Nistad, Nelly Karlsen og Laura Kapstad. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Eidevika med butikken til Lunde og ein fylkesbåt ved kaia i 1935. Dei fire jentene er frå v. Oline Flåm, Alfhild Nistad, Nelly Karlsen og Laura Kapstad. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vadheim var den viktigaste dampskipskaia for dei øvre bygdene i Gaular heilt frå Fylkesbaatane starta rutene sine i 1958. I 1919 vert det opplyst at halvparten av folket i Gaular kommune nytta Vadheim som si rutekai.

Sveen fekk dampskipsanløp

Etter at Osen hadde vore landingsplass for båtar som kom inn Dalsfjorden vart Sveen valt som stoppestad då Fylkesbaatane starta med rutedrift i 1858.

Bygstad

- sjå Sveen fekk dampskipsanløp.

Sunde

kom med som stoppestad i 1893. Denne kaia låg så langt ute i fjorden at den sjeldan var hindra av is.

Fram til 1960-talet vart mjølka frå bygdene langs Dalsfjorden frakta med båt til Bygstad. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Fram til 1960-talet vart mjølka frå bygdene langs Dalsfjorden frakta med båt til Bygstad. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Standnes

fekk rutestogg i 1912. Seinare vart det bygd ferjelem, og bygda fekk anløp av ferja som då trafikkerte på Dalsfjorden. Sjå Ferja Dale-Bygstad-Eikenes.

Standnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Standnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kviteneset

var med som stoppestad for Fylkesbaatane frå slutten av 1920-talet og eit stykke ut på 1930-talet.

Osen

hadde nokre rutestopp av Fylkesbaatane under 2. verdskrig.

Bjørvikstranda i mellomkrigstida. Foto: Hans O. Njøsen. © Fylkesarkivet.

Bjørvikstranda i mellomkrigstida. Foto: Hans O. Njøsen. © Fylkesarkivet.

Bjørvikstranda

fekk stoggestad i 1934.

Ferja Dale-Bygstad-Eikenes

I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten "Fagervik" på Dalsfjorden mellom Eikenes -Dale - Bygstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2010