Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Gaular i tysk fangenskap

Eivind Sande sat i tysk fangenskap frå november 1943 til mai 1945.

Eivind Sande sat i tysk fangenskap frå november 1943 til mai 1945.

under 2. verdskrig:

  • Ragnar Døskeland fødd 1910. Kasserar. Arrestert og overført Bergen 12.04.1945, overført Espeland 14.04.1945. Ingen andre opplysningar.
  • Rolf Olsen Døskeland fødd 1915. Arbeidar. Arrestert og overført Bergen den 17.01.1944, overført Espeland 31.01.1944, sett fri 18.04.1944.
  • Jonas B. Flatjord fødd 1895. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen 31.03.1942, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Alma Sofie Groth fødd 1925. Hushjelp. Arrestert 20.04.1944, overført Bergen, overført Åkebergveien 8.07.1944, overført Dreibergen og sat der til freden.
  • Ingolf Håland fødd 1886. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen 31.03.1942, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Nikolai Lundekvam fødd 1905. Lærar. Arrestert 21.03.1942, overført Bergen, overført Espeland, overført Grini 5.04.1944, overført Bardufoss, overført Grini og sat der til freden.
  • Reidar Ona fødd 1914. Fyrbøtar. Arrestert og overført Hamburg-Fuhlsbüttel 19.01.1943, overført Bautzen 17.05.1944, sett fri 19.11.1944.
  • Nils Styve fødd 1900. Gardbrukar. Arrestert 18.03.1945, overført Bergen, overført Espeland 10.04.1945. Ingen andre opplysningar.
  • Eivind Sande fødd 1916. Student (seinare gymnasrektor i Førde). Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Johannes Vallestad fødd 1919. Agronom. Arrestert 4.12.1944, overført Bergen, sett fri 9.01.1945. Arrestert på nytt og overført Bredtvedt 16.04.1945 og sat der til freden.
  • Ole Aarbergsbotten fødd 1893. Lærar. Arrestert 6.11.1944, overført Høyanger, overført Bergen, overført Espeland 18.11.1944, overført Grini 20.02.1945 og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2010