Hopp til innhold
X
Innhald

Fornminne i Gaular

Roska, der det har vore dyrka jord i 4000 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Roska, der det har vore dyrka jord i 4000 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette oversynet er berre dei største funna med:

4000 år gamle spor etter folk

Eitt av dei eldste spora etter busetnad i Sunnfjord vart oppdaga på garden Roska i Viksdalen i 1995. Her fann ein eit dyrkingslag som viste seg å vere 4000 år gamalt. Tilsvarande gamle dateringar på jorddyrking har ein frå Hornnes i Førde, Hjelle i Oppstryn og Vereide i Gloppen.

Klebersteinsbrot

Sør for Øynastølen ved Haukedalsvatnet er det tydelege merke i fjellet etter eit klebersteinbrot der folk i eldre tider har hakka ut kokekar i kleber. Nokre uferdige emne står fast i fjellet.

Bautastein og gravrøyser på Følling

På Følling er det funne ein bautastein og to gravhaugar frå 800-talet, kalla «Bygdahogane». Haugane inneheldt manns- og kvinnegraver med våpen, rideutstyr gards- og husreidskapar.

Bak granene midt på biletet vart gravene på Følling funne. Bautasteinen står lengre oppe, eit stykke til høgre for husa på garden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bak granene midt på biletet vart gravene på Følling funne. Bautasteinen står lengre oppe, eit stykke til høgre for husa på garden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gravhaugar på Hellebust

På Hellebust låg det fleire gravhaugar frå 900- og 1000-talet. Forutan våpen og rideutstyr, vart det også funne restar av ei bronsevekt.

Mannsgraver i Viken

I Viken er det funne fleire mannsgraver frå 500-1000-talet med våpen og gardsreidskapar, og ei mosaikkperle frå yngre jernalder.

Denne blykrossen som vart funnen på Osen gard kan vi sjå på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Denne blykrossen som vart funnen på Osen gard kan vi sjå på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Funn på Nes

På Nes er det gjort fleire lausfunn av flintreidskap frå yngre steinalder.

Mannsgraver på Åsberg

På Åsberg, Sande, vart det i fleire mannsgraver frå 900- og 1000-talet funne mange våpen og ein del restar frå seletøy.

Funn på Osen gard

Osen gard vart det i 2001 gjort sjeldne funn etter ein gard frå bronsealderen. Tidlegare er det m.a. gjort funn av fuglenål i bronse og ein svært spesielt blykross med runeskrift frå 500- og 600-talet. Krossen vart funnen på toppen av ei heidensk grav, men runeskrifta inneheld deler av den kristne bøna «Fader vår».

Gravhaugar på Korsvoll

På Korsvoll har det vore fire gravhaugar, ein med bautastein. Her er det funne manns- og kvinnegrav m.a. med perler, ullkam, steikepanne, ause, våpen og gardsreidskapar frå vikingtida.

Gravhaugar i Bygstad

I Bygstad er det på Tussehåjen og Bygdahåjen funne restar etter tre gravhaugar frå vikingtida. I ei mannsgrav fann ein m.a. ein nøkkel, ei skålvekt i bronse og ymse reidskapar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2011