Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich von Storm

Den private gravplassen til Storm-slekta ved Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den private gravplassen til Storm-slekta ved Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Friedrich von Storm (1759-1821) offiser (major) busett i Osen.

Overtok i 1750 Osen gard med alle tilhøyrande 14 gardar frå svigerfaren, fut Hans Thiis Nagel på Svanøy. Skøytte eigedomane over til sonen Ulrich Friedrich von Storm (1759-1821) i 1789, som igjen let garden gå over til nevøen Jens Rennord i 1821.

Von Storm helsa gjester til gards med saluttkanon, og Storm-slekta fekk eigen privat gravplass på garden. Denne kan framleis sjåast ved riksvegen mot Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010