Hopp til innhold
X
Innhald

Fritz Hjelmeland

Foto: Randi Indrebø, NRK.

Foto: Randi Indrebø, NRK.

Fritz Hjelmeland (1939-2013) frå Hjelmeland i Gaular, busett i Førde. Entreprenør og investor.

Fritz Hjelmeland arbeidde ei tid i Amerika før han i 1960 tok arbeid i brørne Gunnar og Finn Hjelmeland si entreprenørforretning i Førde. I 1962 starta Fritz si eiga entreprenørforretning, og satsa etter kvart stort på bygging av eigne forretningsbygg i Førde sentrum.

I 1973 bygde Fritz ei av fylkets største byggevareforretningar på Halbrendsøyra, Førde Bruk, som han i nokre år dreiv saman med syskena (bygget huser idag Toyota Førde).

I 1974 bygde han første byggjesteg på Elvegården, der m.a. Erdal Sport, Sparkjøp og ei tid Førde Handelsskule hadde tilhald. Bygget er etter kvart utvida til 13.000 kvm.

I 1985 bygde Fritz Hjelmeland eit større forretningbygg på Halbrendsøyra, og i 1996 gjekk han saman med grunneigaren Torbjørn Berqvam og bygde varehuset Førde Torg på 11.000 kvm. Han er også hovudaksjonær i selskapet som eig Sunnfjord Hotell AS. I 2011 vart Elvegården og Førde Torg bygde saman og fekk namnet Elvetorget.

Bror til Gunnar Hjelmeland, Andreas Hjelmeland og Finn Hjelmeland.

Elvegården i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elvegården i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om: Forretningsfamilien Hjelmeland

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2013