Hopp til innhold
X
Innhald

Futen budde på Kapstad

Futen Reinert Våge busette seg på Kapstad etter at han pensjonerte seg. Kapstad ligg ved fjorden  til venstre på dette biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Futen Reinert Våge busette seg på Kapstad etter at han pensjonerte seg. Kapstad ligg ved fjorden til venstre på dette biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Futane i Sunnfjord budde først på Fure (Historia i Fjaler), deretter på Svanøy (Futesete og adelsgods), og sist på Bruland i Førde ( Futegarden Bruland).

Men det hende seg at dei etter eige ynskje busette seg på ein av dei mange gardane som futane som privatpersonar hadde slege under seg i distriktet. Såleis budde futen Peder Due i Sørbøvåg i Hyllestad frå 1598 til 1622.

Einaste gongen at Sunnfjord-futen budde i Gaular kommune, var då Reinert Våge budde på garden Kapstad i Bygstad frå 1598. Men etter alt å døma hadde han pensjonert seg då, for han var truleg ikkje fut lenger enn til 1597.

Han styrde Kapstad til han døydde ein gong mellom 1603 og 1608.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.09.2010