Hopp til innhold
X
Innhald

Futen vert eigar av Osen gard

I 1740-åra får den mektige futen på Svanøy, Hans Thiis Nagel hand om Osen med tilliggjande gardar. Han driv Osen med paktar dei første åra, men skøyter i 1750 Osen med 12 tilhøyrande gardar over til svigersonen, kaptein Friedrich von Storm.

Von Storm var gift med ei av døtrene til Svanøy-futen, som elles skaffa «godt gifte» til dei to andre døtrene sine i den rike kjøpsmannsslekta Tonning i Stryn (sjå Tonning handelsstad), og med sorenskrivar Hans Arentz i Dale.

Storm tek over på ny

Eigedomen vart i 1759 delt i tre, men vart etter nokre år igjen samla i Storm-familien. Sonen Ulrich von Storm tok over Osen og eigde den fram til den vart prestegard i 1821. Det skjedde då presten Jens Rennord fekk testamentert Osen frå onkelen Ulrich Storm, og fekk etter søknad flytte ned frå Sande til Osen. Storm-slekta fekk ordna med privat gravplass på garden. Den kan framleis sjåast like ved riksvegen mot Dale.

Dette huset som står på Yksnebjør i Dale stod opphaveleg på Osen gard. Foto: Tarjei Nitter.

Dette huset som står på Yksnebjør i Dale stod opphaveleg på Osen gard. Foto: Tarjei Nitter.

I Mo-familien sidan 1880

Det var Jens Rennord som bygde det staselege hovudhuset på garden i 1822. Han bygde også ei tingstove på garden. Rennord vart prost i Sunnfjord til 1846. Han var også første ordførar i Gaular, og sonen Ludvig «arva» seinare ordførarvervet etter faren.

Etter Ludvig Rennord eigde Jan Dregebø Osen gard i to år før Ola Kristiansen Mo kjøpte den i 1880. Sidan har Osen gard tilhøyrt familien Mo - med unntak av «Rennord-huset» og lakseretten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2013